Koronaviruset

Styret i Dimna IL har beslutta at alle fellestreningar vert avlyst inn til vidare

MEISTERSKAPSMEDALJE NR 400

2020-03-08_16_23_27.jpg

Eit flott UM er avslutta og våre utøvarar kunne reise heim med mange medaljar og personlege rekordar. Totalt 11 medaljar tok våre utøvarar med seg heim. Jentelaget på den avsluttande stafetten tok meisterskapsmedalje nr 400 for Dimna IL. Totalt har 48 utøvarar tatt meisterskapsmedaljar indivuduelt eller på stafett.

Startlister, klubblister og tidsskjema for Opent KM

Her er klubblister og startlister for opent KM til helga. Dersom du finner feil så er det fint om du sender oss ein mail til:

pamelding@dimna.no

Tidsskjemaet for laurdag er no klart. Tidsskjemaet for søndag blir kanksje ikke klart før fredag kveld.

NB! Oppdatert funksjonærliste for KM

justert_funksjon_rliste_km_pr_27_februar_.pdf
klubblister_km_pr_260220.pdf
startliste_-_km_pr_260220.pdf
tidsskjema_km_inne202_laurdag.pdf
tidsskjema_km_inne202_sondag.pdf

Overnatting under Opent KM i Ulsteinhallen

Quality Hotel Ulstein kan tilby overnatting frå laurdag til søndag under KM. Di kan tilby rom til kr. 850,- for enkeltrom/ kr. 1050,- for dobbeltrom og kr. 1250,- for trippelrom. Frokost inkl.

Invitasjon til Opent KM i Ulsteinhallen 29.02 og 01.03

2017-02-05_13_12_33.jpg

Vi nærmar oss den store friidrettshelga i Ulsteinahallen. Den startar med Karsten Warholm International fredag 28. februar. Laurdag 29. februar og søndag 1. mars arrangerer vi Opent KM. 

Det er no klart for påmelding. Det er viktig at alle melder seg på innen fristen som denne gangen er mandag 24. februar. På grunn av mykje arbeid med arrangementa denne helga så er det ikkje sikkert vi kan ta i mot etterpåmeldingar etter påmeldingsfristen.

I innbydinga kan du sjå kva øvingar som er dei ulike dagane.

FUNKSJONÆRAR
Dersom du enda ikkje har meldt deg som funksjonær så håper vi at du gjer det. VI har behov for mange hjelparar både laurdag og søndag. 

OVERNATTING
På grunn av Karsten Warholm International er det fullt på Quality Hotel Ulstein tlf. 70013000 og Sunnmøre Folkehøgskule (SUFH) tlf. 70009600 frå fredag til laurdag. Dei som har behov for overnatting frå fredag til laurdag kan vi anbefale Melshorn hotel, Hareid tlf. 70 09 24 11, Thon Hotel Forsnavåg tlf 70081010 eller Havila Hotel Ivar Aasen i Ørsta tlf. 70045100.  

innbyding_opent_km_i_ulsteinhallen_2020-v2.pdf

INNKALLING TIL ÅRMØTE I DIMNA IL

TID    :         25. MARS 2020 KL 19:30

STAD  :         DIMNA GRENDAHUS

SAKLISTE 

  1. Godkjenning av stemmerett
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste
  3. Veljedirigent, referent og to medlemmar til å skrive
                 under protokollen
  4. Styret si Årsmelding 
  5. Rekneskap for 2019
  6. Orienteringssaker
          -
     «Trenarprosjektet»
          - Strategi 2019 -2022: Handlingsplan 2020

             - Kretstinget 21.03.2020
             - Konsekvensar av Idrettsforbundet si nye 
lovnorm

  1. Innkomne saker
  2. Fastsetting av medlemskontingent og treningsavgift
  3. Budsjett 2020
  4. Organisering av Dimna IL
  5. Val 

Innkomne saker må vere Styret i hende seinast to veker før Årsmøtet.

Saksdokument blir gjort tilgjengelege på www.dimna.no ei veke før Årsmøtet.

Ulsteinvik, 26.02.20

 

Styret i Dimna IL

Kjersti Kleven

Leiar

1234...143Neste
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS