hareid_il_logo_135.png









 
SPAREBANKEN MØRE STØTTAR HAREID IL I TRE NYE ÅR
Frå Sparebanken Møre møtte Melinda Skeide og Turid F. Leknesund. Frå Hareid IL møtte Vegard Gjerde, Harald Møller og Jeanette Teigene
Frå Sparebanken Møre møtte Melinda Skeide og Turid F. Leknesund. Frå Hareid IL møtte Vegard Gjerde, Harald Møller og Jeanette Teigene


Sparebanken Møre fornyar sin samarbeidsavtale med Hareid IL. Hareid IL er svært glad for å ha Sparebanken Møre med på laget vidare.

"Sparebanken Møre ser det som viktig å vere ein aktiv bidragsytar i lokalmiljøet. Vi har hatt eit særs godt samarbeid i åra som har vore, og er glade for at vi no kan forlenge avtalen som hovudsponsor for Hareid IL. Klubben har både gode verdiar og en god kultur som vi kan identifisere oss med", fortel banksjef Melinda Skeide i Sparebanken Møre.

Med samarbeidsavtalen er Sparebanken Møre med på å gi born og unge gode oppvekstvilkår. Det trur vi vil bidra til at Hareid også i framtida vil vere ein attraktiv stad å bu, det er viktig for oss. Vi er begge lokalt forankra, har lang historie og felles verdigrunnlag, seier Melinda. Ho viser til dugnadsånda, lidenskapen og den brennande iveren som kjenneteiknar breiddeklubbane, og som bidreg til venskapsband, glede og fellesskap blant dei unge. 

Tett samarbeid
- Vi har vore samarbeidspartnar for Hareid IL i mange år. Vi bidreg på mange ulike områder og har blant anna gitt 1 million til den nye idrettshallen som skal ferdigstillast i 2020. Vi har hatt eit godt og nært samarbeid som vi no ser fram til å fornye med 3 nye år, seier Melinda. 

- Hareid IL er svært fornøgde med å ha ein så solid aktør som Sparebanken Møre med på laget, seier styreleiar i Hareid IL, Vegard Gjerde. Hareid IL har om lag 800 aktive medlemmar, og dei siste åra har klubben hatt ein regelmessig auke i antall aktive. 
- Både Hareid IL og Sparebanken Møre bidreg på kvar sin måte til å gjere Hareid til ein god plass å bu og vekse opp i. Saman kan vi utrette mykje meir enn når vi står åleine, Vi gler oss til å vidareutvikle samarbeidet, seier Melinda. 

Fakta om Sparebanken Møre:
-Den største banken i fylket
-28 kontor i Møre og Romsdal
-390 årsverk
-69 milliardar i forvaltningskapital
-Aktiv bidragsytar i lokalsamfunnet

Fakta om Hareid Idrettslag:
-Den største frivillige organisasjonen i Hareid kommune
-Over 800 medlemmar
-Aktive innan fotball, friidrett, handball trim, turn og badminton
-Først og fremst eit breiddeidrettslag. For vaksne er HIL i 3 divisjon i kvinnefotball, 4 divisjon i herrefotball og i 4 divisjon for kvinnehandball.

Allmennyttige formål:
-Sparebankenes formål er å utvikle samfunnet gjennom forretningsdrift og ved å gi støtte til allmennyttige formål. I Sparebanken Møre går halvparten av overskotet tilbake til lokalsamfunnet der vi høyrer til.
-Vi mottek årleg over tusen søknadar om støtte til gode formål i vår region, og vi har også rundt 150 langsiktige samarbeidsavtalar med ulike lag og oganisasjonar i tillegg til vår stipendordning til unge talent innan kultur, idrett og åpen klasse.

27.09. Hareid il søkjer dagleg leiar
logo_hil.png

Vår daglege leiar tar permisjon i eit år og vi søkjer difor etter ein vikar med mogligheit for fast tilsetjing.

Noverande daglege leiar Anita Waage, har takka ja til eit engasjement i Norges Fotballforbund ut 2020.

Søknadsfrist: 15.oktober

Sjå vedlagte utlysing:

utlysing_dagleg_leiar_002_.pdf
25.09. Hummel blir ny utstyrslevrandør!

Hareid IL byter utstyrslevrandør frå Umbro til Hummel.

Styret informerer om at Hummel blir ny utstyrsleverandør til alle gruppene i idrettslaget. 

Dette er nøye vurdert av fleire grupper og avgjersla er teken med tanke på gode fordelar for klubben og gunstigare prisar på drakter og klubbkolleksjon til medlemmane. Hummel har produkter i god kvalitet og egner seg godt for våre aktivitetar.

Avtalen trer i kraft frå 1.januar 2020 og er ein 3-års avtale.

Lokal forhandlar blir Sport1 på Hareid.

15.01. DETTE ER DAMELAGET SITT NYE TRENARTEAM
15.01. DETTE ER DAMELAGET SITT NYE TRENARTEAM
A-laget for damer får eit solid trenarteam og støtteapparat i 2020. - Hovudtrenar blir Bård Grimstad, medan Kjell Arne Øvrelid tek rolla som hjelpetrenar. Ørjan Engen Grimstad skal vere hjelpetrenar på begge a-laga, men detaljane her er ikkje klare enno, seier leiar i Hareid IL Fotball, Anders Riise, til Hareid-sida. Riise opplyser vidare at Lena Hansen blir lagleiar. Cecilie Skeide skal også ha ei rolle rundt laget. I 2019 var det Anita Waage og Bård Grimstad som trena laget, men Waage flytta etter sesongen. Kontinuiteten skulle uansett vere veldig bra for laget som har blitt betre og betre dei siste åra. - Vi er veldig glade for denne løysinga, seier Anders Riise og sportsleg leiar Ruben-Kenneth Brandal i ein kommentar.  * Bård Grimstad har trena ei rekkje forskjellige lag i Hareid IL. Han har rundt 20 års erfaring som tillitsvalt totalt sett. Kjell Arne Øvrelid har trena lag både i Hareid IL og Hjørungavåg IL i fleire år. Ørjan Engen Grimstad har trena både smågutelag og guttelaget til Hareid IL, i tillegg til damelag i Trondheim. *  Det blir elles meldt om bra frammøte på treningane så langt i år. Sist var det 17 som møtte. Trenarteamet håper også at det kjem endå fleire i tida som kjem - og gjerne spelarar med litt erfaring. Det er nemleg planlagt å stille både a-lag i 3.-divisjon og eit sjuarlag. Treningane går måndagar kl. 18.00, onsdagar kl. 19.30 og søndagar kl. 18.00.  Anders Riise og Ruben-Kenneth Brandal seier at dei også håper på oppsving for jentefotballen i Hareid IL i 2020.  Dei siste åra har det blitt stadig færre jentelag, men ein såg betring på tampen av 2019 - og ein håper no trenden har snudd. 
15.01.20 13:28

LEIGE FESTLOKALE?

HAREID IL KLUBBHUS

Tlf. 91546619 / 90514047

Sjekk her for ledig tid.

Sjå våre festlokale. Klikk oppe i høgre hjørne for store bilde.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL
GENERALSPONSOR

  

 


                                                    HOVUDSPONSORAR