logo_new.png
 
 
 

    

LEDIG STILLING – REKTOR

Det vert ledig fast stilling som rektor ved Møre barne- og ungdomsskule frå 01.08.2020. Søknadsfristen er 3. januar 2020

Rektor

  • er dagleg leiar med pedagogisk og administrativt leiaransvar, i tillegg til ansvar for personale og elevar
  • har skulestyret med styreleiar som næraste overordna
  • står pr i dag i skuleleiing saman med assisterande rektor, avdelingsleiarar for ungdomstrinn, mellomtrinn, småskuletrinn, SFO-leiar og kontormedarbeidar
  • har ansvar for om lag 35 tilsette fordelt på 25 årsverk
  • har ansvar for om lag 150 elevar fordelt på 1.-10.trinn

 

Skulen søkjer ein rektor som

  • har kristen tru og tydeleg engasjement for skulen
  • har praktisk skuleleiarerfaring og pedagogisk kompetanse
  • har gode evne til samarbeid, kommunikasjon og motivasjon
  • er godt kvalifisert til arbeidet, både gjennom formell og uformell kompetanse
  • evnar å utvikle skulen i tydeleg retning som pedagogisk institusjon og kristen skule
  • er omgjengeleg, løysingsorientert og strukturert
  • har erfaring med kristent arbeid

Skulen tilbyr

  • samarbeid med fagleg sterkt personale
  • spennande og godt arbeidsmiljø
  • kristent fellesskap med trivelege kollegaer
  • gode kontorfasilitetar i nytt skulebygg
  • god nærleik til alle tettstadar og byar på Søre Sunnmøre
  • lønn etter avtale

Rektor må bekjenne seg til skulen sitt kristne verdigrunnlag, fremje skulen sitt kristne formål og forplikte seg på skulen sitt verdidokument. Stillinga er vurdert til å vere omfatta av untaksreglane i likestillings- og doskrimineringslova § 9 og § 30, 3. ledd. 

SØKNAD PÅ STILLING

Søknadsfristen er 3. januar 2020. Ein søknad på stilling ved skulen skal sendast elektronisk til post@moreskule.no, og må innehalde:

  • Søkjetekst med generell orientering om søkjar. Det bør framgå kvifor ein søkjer stillinga, og orientering om eventuell tidlegare tilknytning til kristne skular eller kristent arbeid generelt.
  • CV (vitnemål og attestar vert etterspurt ved behov)

 

KONTAKT

Om du har spørsmål knytt til skulen og stillinga kan ein ta kontakt med Knut Einar Tokheim, rektor@moreskule.no,  70 08 05 50 / 481 70 106 

___________________________________________________

Møre barne- og ungdomsskule

Møre barne- og ungdomsskule i Herøy kommune er ein kristen privat grunnskule på Søre Sunnmøre. Skulen sin visjon er knytt til orda kvalitet, kunnskap, kjennskap og karakter, og lyder slik: ”Møre barne- og ungdomsskule legg vekt på kvalitet gjennom god formidling av kunnskap, nær kjennskap til den kristne trua, og å utvikle ein sterk og trygg personleg karakter hjå elevane."

Skulen tilbyr i dag opplæring frå 1. til 10.klasse for elevar frå Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda. Skulen har dei siste åra hatt mellom 100 og 150 elevar. Skulen har høgt kvalifisert undervisningspersonale og vektlegg god kompetanse og klasseleiing som viktige faktorar for undervisninga.

Les meir om skulen i toppmenyen "Om skulen".

 FORELDREPULSEN

itslearning_mai_2014.png
facebook_mai.png
   INNTAK AV ELEVAR
TILSETTE
SFO
LINKAR
STILLING LEDIG
SKULERUTE



   HEIM
OM SKULEN
KONTAKT
KONTAKT SFO
SØKNADSSKJEMA
OFTE STILTE SPØRSMÅL



web_more2_its_learning.png
ohhellyes.png