Sett som startside

Google
gule sider

heroynytt.no nyhende

smp.no nyhende

din_annonse.jpg
SLIDER
2.jpg
3.jpg

Annonse

kapp.jpg

synste.no nyhende

vikebladet.no nyhende

rundelosen_aftenposten.png
rundelosen_dn.png
rundelosen_rb.png
rundelosen_dagbladet.png
rundelosen_vg_nett.png
rundelosen_fjt.no.png
bt_logo.jpg
Gris i vegen
Gris i vegen
(11.12) Onsdag morgon melder politiet på Twitter at det er obervert ein rømt gris (!) i vegbana på vegen mellom Fiskå og Eidså.Politisentralen er i det muntre hjørnet når dei fortel om dette, og presiserer at å opphalde seg midt i vegbana ikkje er nokon sikker plass  seg sjølv om motivet er rømme unna ein lagnad om å hamne på juletallerkenen. Men grisen smatå unna bilen der føraren rapporterte saka,  og slapp såleis å hamne i grillen (!) på ein Mercedes, skriv politiet. Dei oppmodar likevel bilistar til å vere varsame og ikkje grisekøyre (1). Vi har så langt (kl 09.00) ikkje fått melding om at den rømde grisen er fanga.
11.12.19 09:02
Folkeprotest mot ferjeprisar
Folkeprotest mot ferjeprisar
Folkeaksjonen mot auka ferjetakster på Lauvstad laurdag viser eit stadig sterkare folkeopprør rundt i fylket mot fylkeskommunen sitt forslag til ny auke i ferjetakstane. - Nok er ikkje berre nok, men i grunnen nok for lenge sidan, vart det sagt på Lauvstad laurdag. Kring 170 menneske samla seg her til protestaksjonen som var kalla inn til. Kanskje er sinnet ekstra stort her, då ein, som fleire av dei som heldt innlegg var inne på, alt i ti år har betalt ein takstsone for høgt på Lauvstadferja.  Det vart elles teke fram fleire eksempel på kva takstauken vil utgjere i pengar for både privatpersonar, næringsdrivande og bedrifter. Det vart teke fram den negative verknaden auka prisar vil ha på alle samfunnsområde i distrikta, både for pendling, fritidsaktivitetar, næringsliv og kommunale tenester, og som kjent er det også framlegg om å redsusere talet på avgangar, noko som vil forsterke verknaden. - Dei held på å kvele oss, vart det sagt  Det vart retta sterk kritikk mot fylket, som legg rekninga for det mange kalla dårleg økonomistyring på dei som skal bu langs kysten og må nytte ferjene. Det er vår riksveg, vart det sagt av fleire. At fylket så kallar ferjedrifta underfinansiert frå staten si side, er noko ein burde sett komme i mange år, hevda nokre, medan andre peikte på at staten sjølve må ta rekninga for å pålegge kostnader med utslepprsfrie ferjer, som er ein av hovudgrunnane til uføret. Det er difor også ein ordføraraksjon på gang, som reiser til Oslo for å protestere mot staten si underfinansering av ferjedrifta. Enkelte trekte samanlikning til bompengeopprøret før jul, der det gjekk så stor prestisje i å avgrense auken at det heldt på å sprenge regjeringa.          - Vi krev at regjeringa gjer dei same grepa no som når det gjaldt bompengane i byane og gjer slik at vi slepp denne auken, sa ordførar i nye Volda, Sølvi Dimmen. 
07.12.19 17:31
Protesterer kraftig på framlegg om nedlegging
Protesterer kraftig på framlegg om nedlegging
(5.12) Både foreldre og elvar protesterer no kraftig på framlegget om å legge ned avdelinga av den vidaregåande skulen i Vanylven.I papiravisa som kom i dag (tosdag 5.12) hadde vi eit innlegg frå ulike foreldreråd. Fleire råd og utval ville venteleg skrive under dette etter kvart som dei rakk å behandle det. Elevrådet ved Myklebust skule har sendt oss ein eigen uttale. Den kom for seint til å bli med i papiravisa. Og sidan fylkestinget har møte før neste avis kjem ut, tek vi den med her: Vedrørande eventuell nedlegging av Herøy vgs, avdeling Vanylven. Ein lovnad som er broten. Skrekken for hybellivet, og fare for livet i bygda. Då beskjeden om at den vidaregåande skulen i Syvde skal leggjast ned, vart det ein stor skuffelse. I ein alder av 15/16 år, er det å måtte flytte heimanfrå for mange noko ein absolutt ikkje er klare for. Tilbod for pendling er her heller ikkje. Statistikk viser at jo tidlegare ein flyttar heimanfrå, jo mindre er sjansen for at ein kjem til å busette seg i bygda. Korps, fotball og andre fritidsaktivitetar som ungdommen er med på å skape, er ein stor del som truleg vil forsvinne. Dette påverkar heile bygda vår. Satse på ungdommen blir det sagt. Korleis vil dette då gå opp? Når tilboda ikkje er her lenger. Vi som har eit sterkt ønske om å få bu heime eitt år til, får ikkje moglegheit til det. Vi er svært skuffa, eit løfte blir brote. Mange stemte kanskje på dette partiet fordi det vart lova eitt år til med vidaregåande skule i Vanylven. For oss dette gjeld, er det svært alvorleg at denne skulen vert nedlagd. Tenk på ungdommen. -Elevrådsrepresentantane frå Myklebust skule. Charkris Igland og Hanna Linea Torvanger
05.12.19 15:44
Laga julesong med tekst av Lars Almklov
Laga julesong med tekst av Lars Almklov
(5.12) Som vi skreiv i papiravisa i dag (torsdag), har den utflytte syltefjordingen Elisabeth Lillebø Sæth laga tone til diktet «Enno lyder ein bodskap» av Lars Almklov.Elisabeth har og spelt og sunge inn songen saman med søster si, Anne Birgitte Lillebø Bøe, og kollega Roald Arnesen i Norea Mediemisjon der ho arbeider. Innspelinga er, saman med andre songar ho har skrive, tilgjengeleg som strøyming og kan søkast opp på Youtube under det som blir kalla Norea Music. Men songen kan du også høyre HER (med litt reklame først)
05.12.19 13:53
rundelosen_nordea.jpg
rundelosen_sparebank.jpg
rundelosen_sparebanken_more.jpg
rundelosen_skandia_banken.jpg

Hareid

Herøy

Sande

Ulstein

Vanylven

Annonse

gowest.jpg

Annonse

osberget_nettbutik.jpg

Hareid

Hareid webcamera

Herøy

Herøy webcamera

Sande

Sande webcamera

Ulstein

Sande webcamera

Vanylven

 

Rundelosen

Copyright ©
Postadresse: Postboks 168, 6067 Ulsteinvik
Besøksadresse: Sjøgata 56, 6065 Ulsteinvik

Tips oss!

E-post: post@rundelosen.no
Telefon: 70 00 90 90

© Osberget CMS