resized_frontpage_02.jpg

   TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820
Edit

Annonse

Edit
Edit

Nyhende

Atlantic-dåp - ikkje open båt
Atlantic-dåp - ikkje open båt
(30.1) Ved ei mistyding skriv vi i avisa i dag at reiarlaget Atlantic Longline As med lokale eigarar inviterer til open båt på linebåten Atlantic i Ålesund laurdag. Vi må presisere at det her gjeld dåp av båten Atlantic, som er nyaste tilskot av båtar hos dei to hovudeigarane Johnny Årvik og Kjell Gunnar Hoddevik. Berre spesielt inviterte gjestar får såleis kome om bord og sjå seg omkring. Vi beklagar at dette har kome feil ut.
30.01.20 13:47
Rundar 50 år
Rundar 50 år
(23.1) Vi hadde rett og slett ikkje tenkt over det det sjølve, før ein årvaken lesar stakk innom for å gratulere. I dag - 23. januar - er det faktisk på dagen 50 år sidan første utgåva av bygdebladet Synste Møre kom ut.Vi skal feire jubileet med ei eiga jubileumsutgåve seinare i år. Men mellom dei to avisutgåvene som er avbilda over desse linjene er det altså nøyaktig på dagen 50 år. Vi får ta ein twist til kaffien i dag!
23.01.20 12:27
Ligg vêrfast i fjorden
Ligg vêrfast i fjorden
I fleire dagar har slepebåten Polartug venta i Vanylvsfjorden på å kome rundt Stadlandet med slepet sitt. 
– Det kan godt skje at det vert ei veke til, seier kapteinen på båten, som gjerne hadde sett eit alternativ i Stad skipstunnel.Båten er på veg frå Mo i Rana til Notodden med eit slep med 500 meter lange røyr som skal nytytast til vass- eller kloakkleidning der. Men på vegen må ein altså rundt Stad. 
         – Det er eit trasig punkt. Det kan nok vere ille til dømes på Hustadvika og andre plassar, men rundt Staden er det jamt dårleg vêr og ofte vanskeleg, seier kapteinen. Fredag føremiddag viser GPS-trackinga at båten har prøvd å gå rundt og kome seg til utanfor Honningsvåg på ytste Stadlandet, før han fann det var for grov sjå til å gå vidare. Hadde det vore Stad skipstunnel hadde han difor gjerne brukt denne. 
         – Så sant det ikkje var dyre bompengar, er det klart dette ville løne seg framfor å ligge og vente, så eg skulle gjerne prøvd å gå der, seier han.
Samstundes les vi i Sunnmørsposten i dag at hurtigruta Lofoten denne veka droppar anløp mellom Molde og Bergen og først i morgon, laurdag, vil vere i normal rute att.
17.01.20 14:49
Båt funnen på Fiskåholmen
Båt funnen på Fiskåholmen
(15.1) Teknisk Vakt i Vanylven kommune melder klokka 16.00 onsdag ettermiddag at det er funne ein 14 fots plastbåt ved Fiskåholmen. Båten hadde ein 3,5 hp Mercury påhengsmotor med tank, men er elles ikkje merka.Etter det vi får vite, vart båten funnen delvis liggande under vatn og skada, truleg etter å daska mot steinane i fjøra på ausida av Holmen. Venteleg har båten drive av ei stad ifrå i den høge floa tidlegre på ettermiddagen. Litt spesielt er det at den såkalla dødmannsknappen står på motoren, skriv kommunen på sine facebooksider. Folk som saknar båten sin eller veit noko om dette, blir bedne om å kontakte politiet som er orientert om funnet. Politiet kan nåast på telefon 02800.
15.01.20 18:43
Svart tavle etter lyn
Svart tavle etter lyn
(13.01) Info-tavla som skal fortelje om ferjeavgangar på Koparneset er svart. Årsaka er truleg der, som så mange stader elles, resultat av lyn-nedslag sist veke. Men dette er trass alt ein relativ liten skade sett i høve til mykje av det andre som skjedde i dette området sist veke.Skeive lyktestopar og svart tavle viser at vêret har herja. Torevêret som gjekk over området vårt onsdag ettermiddag har truleg hatt sitt kraftigaste «episesenter» i området Koparneset - Bjørlykka. Her har lynet sparka skikkeleg frå seg. I papiravisa denne veka fortel vi meir om dramatikken sist veke.
13.01.20 11:55
Trailer velta på Vidnes
Trailer velta på Vidnes
(02.01)Ein trailer køyrde av vegen på Vidnes i Syltefjorden kring klokka 19 tysdag kveld. Føraren verka uskadd, fortalde vitne på staden. Han vart likevel teken med til rutinemessig sjekk hos lækjar. Vegen er ikkje stengd før ein eventuell bergingsoperasjon kjem i gang. Vanylven brann-og redning rykte ut frå Fiskå. Det same gjorde ambulanse.Bilen kom sørfrå i retning mot Fiskå. Etter det vi vart fortalt, var han laste med spon- eller huntonittplater. Kor mykje last bilen hadde, var  uklart. Ved enden av ei busslomme på høgre sida av vegen, rekna i bilen si fartsretning, ned frå høgda på Vidnes, har bilen kome utfor asfaltkanten og velta over på sida. Kva som er årsaka til uhellet, er ikkje kjent. Politiet var  ikkje komne til staden då vi drog. Dei vil venteleg samtale med bilføraren og eventuelle vitne med sikte på å klarlegge årsaka. Men etter det vi erfarer, skal traileren ha møtt ein annan bil i bakken, utan at vi veit om det har noko med saka å gjere.
07.01.20 19:47
Sterk vind i vente
Sterk vind i vente
(08.01) Vi har hatt ein vindfull start på det nye året. Til natta kan dette toppe seg med vindkast opp i orkan, og vêrvarslinga ber særleg dei som skal ut å reise om å vere merksame på følgjer vêret kan få.Det har blese ganske bra enkelte dagar i jule- og nyttårshelga, men uvêret som er på veg innover Nordvestlandet gir den kraftigaste vinden til no. Utover ettermiddagen tysdag skal vinden auke på.
             – Vinden skal auke til sterk sørleg kuling utsette stader, liten storm ved Stad. I ettermiddag aukar vinden til sørleg full storm utsette stader og orkan ved Stad. Vi ventar vindkast opp i 30–35 m/s utsette stader. Det er der sønnavinden tar som vil få dei sterkaste vindkasta, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til NRK. Bil velta på Måløybrua
Dette kan særleg gje vanskar om ein har tenkt seg ut og reise. 
            – Så sterke vindkast kan føre til kansellerte avgangar på båtar, ferjer og fly. Og bruer og fjellovergangar kan verte stengde. Det er ganske sterk vind som er venta, åtvarar statsmeteorolog Steinar Skare i føremiddag.
I Måløy fortel NRK Sogn og Fjordane at Vågsøy ungdomsskule i dag slutta skuledagen tidlegare enn vanleg for at elevane skulle få kome seg heim før Måløybrua vart stengd. Dette gjekk ikkje så bra, då brua vart stengd litt over klokka 13. Som følgje av det er 70-80 elevar frå fastlandet vêrfaste i Måløy. Ein lastebil har også velta på brua, og ho kan verte stengd lenge, melder NRK. Det bles i 15-tida orkan i kasta med opp til 41 m/s i kasta på brua. Også hurtigbåten til Bergen i ettermiddag er innstilt. Går nordover
Også i morgon er det venta meir uvêr, for då kjem eit nytt lågtrykk med eit stormsenter.
           – Vi får kanskje ein ny omgang med orkan ved Stad i morgon ettermiddag og kveld. Då vil det vere frå søraustleg retning og det vil vere kraftig pålandsvind i morgon også og bygevêr. Det er nok nord for Stad som får det verst i morgon, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid. Nye lågtrykk på veg
Og det kjem meir, for lågtrykk på lågtrykk ligg og ventar. Årsaka er eit kraftig høgtrykk som har etablert seg over Europa.
            – Det fører til at jetstraumen tar med seg alle lågtrykka som er å oppdrive i Atlanterhavet opp til våre breiddegrader, så i langtidsprognosen er det nye stormar på veg. Det er berre å stålsetje seg første halvdel av januar, seier Fagerlid.
07.01.20 12:54
God jul og Godt nytt år!
God jul og Godt nytt år!
Med Frode Myrvoll sitt vinterbilete frå Syvde, brukt som omslagsbilete på julemagasinet vårt, vil vi ønskje alle våre lesarar ei fredfull og god jul. I julemagasinet finn du også tekst og notar til Elisabeth Lillebø Sæth sin melodi til Lars Almklov sin tekst: Gledesbodet. Denne er det no også laga musikkvideo til som du kan sjå her og her kan du i tillegg høyre Endal-søskjena sin video Det gode livet … - og skyene. 
19.12.19 13:05
Kjempegåve til fotball-hallen
Kjempegåve til fotball-hallen
(14.12) Berit Løvoll Strand har vore julenisse før. Men denne gongen var representanten for Gjensidigestiftelsen oppgradert til super-julenisse. 600.000 kroner til fotballhallen, står det sjekken ho delte ut laurdag.– Det er den største sjekken eg har overlevert i Vanylven. og det ingen ting passar betre enn å gi denne gåva frå Gjensidigestiftelsen her og no med dugnadsfolka til stades. Det er då også den store dugnadsinnsatsen eg har argumentert med for denne søknaden, sa Berit Løvoll Strand. Både leiar i Vanylven FK, Runar Vik, og Tor Inge Nygård, som fungerer som prosjektleiar for dette tiltaket, gav spontane klemmar til utdelaren. – Vi hadde håpt på ei gåve - eg skal innrømme det, men dette er eventyrleg, sa Runar Vik. 
- Og det høver fint å dele det ut no når ein ser det ytre av hallen etter kvart har kome på plass, seier han og inviterte straks på eit festmåltid med sveler og kaffi inne under nylagt tak. Karane er no i gang med innreiinga - og det var til det som skal gjerast inne, desse midlane var søkt om. I regelverket for Gjensidigestiftelsen er det slik at arbeida ikkje skal vere påbegynte før ein søkjer midlar, og «innearbeidet» er nett det som no er starta opp. Like eins skal det kjøpast mykje utstyr.
19.12.19 09:34
Gris i vegen
Gris i vegen
(11.12) Onsdag morgon melder politiet på Twitter at det er obervert ein rømt gris (!) i vegbana på vegen mellom Fiskå og Eidså.Politisentralen er i det muntre hjørnet når dei fortel om dette, og presiserer at å opphalde seg midt i vegbana ikkje er nokon sikker plass  seg sjølv om motivet er rømme unna ein lagnad om å hamne på juletallerkenen. Men grisen smatå unna bilen der føraren rapporterte saka,  og slapp såleis å hamne i grillen (!) på ein Mercedes, skriv politiet. Dei oppmodar likevel bilistar til å vere varsame og ikkje grisekøyre (1). Vi har så langt (kl 09.00) ikkje fått melding om at den rømde grisen er fanga.
11.12.19 09:02
Folkeprotest mot ferjeprisar
Folkeprotest mot ferjeprisar
Folkeaksjonen mot auka ferjetakster på Lauvstad laurdag viser eit stadig sterkare folkeopprør rundt i fylket mot fylkeskommunen sitt forslag til ny auke i ferjetakstane. 

- Nok er ikkje berre nok, men i grunnen nok for lenge sidan, vart det sagt på Lauvstad laurdag. Kring 170 menneske samla seg her til protestaksjonen som var kalla inn til. Kanskje er sinnet ekstra stort her, då ein, som fleire av dei som heldt innlegg var inne på, alt i ti år har betalt ein takstsone for høgt på Lauvstadferja.  Det vart elles teke fram fleire eksempel på kva takstauken vil utgjere i pengar for både privatpersonar, næringsdrivande og bedrifter. Det vart teke fram den negative verknaden auka prisar vil ha på alle samfunnsområde i distrikta, både for pendling, fritidsaktivitetar, næringsliv og kommunale tenester, og som kjent er det også framlegg om å redsusere talet på avgangar, noko som vil forsterke verknaden. 
- Dei held på å kvele oss, vart det sagt  Det vart retta sterk kritikk mot fylket, som legg rekninga for det mange kalla dårleg økonomistyring på dei som skal bu langs kysten og må nytte ferjene. Det er vår riksveg, vart det sagt av fleire. At fylket så kallar ferjedrifta underfinansiert frå staten si side, er noko ein burde sett komme i mange år, hevda nokre, medan andre peikte på at staten sjølve må ta rekninga for å pålegge kostnader med utslepprsfrie ferjer, som er ein av hovudgrunnane til uføret. Det er difor også ein ordføraraksjon på gang, som reiser til Oslo for å protestere mot staten si underfinansering av ferjedrifta. Enkelte trekte samanlikning til bompengeopprøret før jul, der det gjekk så stor prestisje i å avgrense auken at det heldt på å sprenge regjeringa. 
         - Vi krev at regjeringa gjer dei same grepa no som når det gjaldt bompengane i byane og gjer slik at vi slepp denne auken, sa ordførar i nye Volda, Sølvi Dimmen. 
07.12.19 17:31
Protesterer kraftig på framlegg om nedlegging
Protesterer kraftig på framlegg om nedlegging
(5.12) Både foreldre og elvar protesterer no kraftig på framlegget om å legge ned avdelinga av den vidaregåande skulen i Vanylven.I papiravisa som kom i dag (tosdag 5.12) hadde vi eit innlegg frå ulike foreldreråd. Fleire råd og utval ville venteleg skrive under dette etter kvart som dei rakk å behandle det. Elevrådet ved Myklebust skule har sendt oss ein eigen uttale. Den kom for seint til å bli med i papiravisa. Og sidan fylkestinget har møte før neste avis kjem ut, tek vi den med her: Vedrørande eventuell nedlegging av Herøy vgs, avdeling Vanylven. Ein lovnad som er broten. Skrekken for hybellivet, og fare for livet i bygda. Då beskjeden om at den vidaregåande skulen i Syvde skal leggjast ned, vart det ein stor skuffelse. I ein alder av 15/16 år, er det å måtte flytte heimanfrå for mange noko ein absolutt ikkje er klare for. Tilbod for pendling er her heller ikkje.
Statistikk viser at jo tidlegare ein flyttar heimanfrå, jo mindre er sjansen for at ein kjem til å busette seg i bygda. Korps, fotball og andre fritidsaktivitetar som ungdommen er med på å skape, er ein stor del som truleg vil forsvinne. Dette påverkar heile bygda vår. Satse på ungdommen blir det sagt. Korleis vil dette då gå opp? Når tilboda ikkje er her lenger. Vi som har eit sterkt ønske om å få bu heime eitt år til, får ikkje moglegheit til det. Vi er svært skuffa, eit løfte blir brote. Mange stemte kanskje på dette partiet fordi det vart lova eitt år til med vidaregåande skule i Vanylven. For oss dette gjeld, er det svært alvorleg at denne skulen vert nedlagd. Tenk på ungdommen. -Elevrådsrepresentantane frå Myklebust skule.
Charkris Igland og Hanna Linea Torvanger
05.12.19 15:44
Laga julesong med tekst av Lars Almklov
Laga julesong med tekst av Lars Almklov
(5.12) Som vi skreiv i papiravisa i dag (torsdag), har den utflytte syltefjordingen Elisabeth Lillebø Sæth laga tone til diktet «Enno lyder ein bodskap» av Lars Almklov.Elisabeth har og spelt og sunge inn songen saman med søster si, Anne Birgitte Lillebø Bøe, og kollega Roald Arnesen i Norea Mediemisjon der ho arbeider. Innspelinga er, saman med andre songar ho har skrive, tilgjengeleg som strøyming og kan søkast opp på Youtube under det som blir kalla Norea Music. Men songen kan du også høyre HER (med litt reklame først)
05.12.19 13:53
laussal.jpg
kino_n.jpg
Protesterer kraftig på framlegg om nedlegging
Protesterer kraftig på framlegg om nedlegging
(5.12) Både foreldre og elvar protesterer no kraftig på framlegget om å legge ned avdelinga av den vidaregåande skulen i Vanylven.I papiravisa som kom i dag (tosdag 5.12) hadde vi eit innlegg frå ulike foreldreråd. Fleire råd og utval ville venteleg skrive under dette etter kvart som dei rakk å behandle det. Elevrådet ved Myklebust skule har sendt oss ein eigen uttale. Den kom for seint til å bli med i papiravisa. Og sidan fylkestinget har møte før neste avis kjem ut, tek vi den med her: Vedrørande eventuell nedlegging av Herøy vgs, avdeling Vanylven. Ein lovnad som er broten. Skrekken for hybellivet, og fare for livet i bygda. Då beskjeden om at den vidaregåande skulen i Syvde skal leggjast ned, vart det ein stor skuffelse. I ein alder av 15/16 år, er det å måtte flytte heimanfrå for mange noko ein absolutt ikkje er klare for. Tilbod for pendling er her heller ikkje.
Statistikk viser at jo tidlegare ein flyttar heimanfrå, jo mindre er sjansen for at ein kjem til å busette seg i bygda. Korps, fotball og andre fritidsaktivitetar som ungdommen er med på å skape, er ein stor del som truleg vil forsvinne. Dette påverkar heile bygda vår. Satse på ungdommen blir det sagt. Korleis vil dette då gå opp? Når tilboda ikkje er her lenger. Vi som har eit sterkt ønske om å få bu heime eitt år til, får ikkje moglegheit til det. Vi er svært skuffa, eit løfte blir brote. Mange stemte kanskje på dette partiet fordi det vart lova eitt år til med vidaregåande skule i Vanylven. For oss dette gjeld, er det svært alvorleg at denne skulen vert nedlagd. Tenk på ungdommen. -Elevrådsrepresentantane frå Myklebust skule.
Charkris Igland og Hanna Linea Torvanger
05.12.19 15:44
Fem millionar til skipstunnelen
Fem millionar til skipstunnelen
Regjeringspartia har blitt samde om å løyve fem millionar kroner til Stad skipstunnel på statsbudsjettet for 20120, slik at planlegginga kan halde fram.Etter at det ikkje var sett av ei krone til skipstunnelen i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett, har det frå tunneltilhengarane si side vore jobba aktivt for å få ei mindre løyving som kan sikre kontinuitet i planlegginga. Mellom anna bad styret i tunnelselskapet om sju millionar. Både Senterpartiet og Arbeidarpartiet har lova slike midlar, og no er det altså også endeleg semje også  i regjeringspartia om ei løyving på fem millionar, Dette går fram av ei pressemelding sendt ut av representantar for regjeringspartia i nye Stad kommune. Det er og sendt ut ei pressemelding frå dei representantar for dei same partia i Vanylven. - Vi er glade og letta over at Høgre, Frp, Krf og Venstre på Stortinget no sikrar at framdrifta i arbeidet med Stad Skipstunnel kan halde fram, slik at det er mogleg med byggestart for Stad Skipstunnel i 2021 som føresett i Nasjonal Transportplan. Det seier Alfred Bjørlo (Venstre, ordførar i Stad kommune), Stein Robert Osdal (Krf, ordførar i Selje kommune), Geir Årvik (Høgre, Leiar i Samfunns- og næringsutvalet i Stad kommune) og Per Tore Borgund (leiar i Stad Frp)i i den først nemnde pressemeldinga. – Gratulerer til alle som brenn for trygg fedsel kring Stad. Vi er eit steg nærare målet, skriv Lena Landsverk Sande (V), Øystein Blom (KrF), Idar Brekke (H) og Bjarne Sætrenes (FrP)  mellom anna  i si pressemelding. -
12.11.19 08:08
Giske fekk mest å juble for på Eidsåvoll
Giske fekk mest å juble for på Eidsåvoll
Giske vart kretsmeistrar i 6. divisjon etter det som vart kalla ein bølgjedal av ein fotballkamp, der heimelaget kjempa inn 4-4 i det 88. minutt etter å ha vorte redusert til ni mann på bana. Giske dominerte første omgang, og det var mot spelet sin gang at Vanylven gjekk opp til 1-0 etter 24 minutt, på det som var nesten deira første sjanse i kampen. Giske utlikna rett etter, og sjølv om Vanylven kom meir og meir med mot slutten av omgangen, var forsvaret stadig litt på etterskot mor gode Giske-spissar.  Andre omgang opna brutalt for heimelaget. Giske fekk først 1-2 på eit frispark, der dei også skulle vore avblesne for klar offside rett før. Deretter fekk dei nytt frispark i det 51. minutt, som vart sett rett i mål til 1-3. Då såg det mørkt ut, og då først Vanylven får Vegar Bellen Krokvik utvist etter felling som siste mann etter 55 minutt, ser det enno mørkare ut. Men heimelaget viser god arbeidsmoral og kjempar først inn 2-3 på ein retur etter kårner. Vanylven står på vidare og får utliknar utruleg nok til 3-3 ved Anders Bellen. Etter at Giske også har gått opp til 3-4 på ei fin skåring i det 73. minutt, får Bellen så sitt andre gule kort og Giske straffe etter 76 minutt, og det ser enno mørkare ut. Men først reddar keeper Aadne Seljeset ei god straffe meisterleg og to minutt før kampslutt er det Øyvind Myklebust som er frampå og set ein retur etter frispark i mål. Med ni mann hadde Vanylven såleis utlikna til 4-4 etter 88 minutt spelt, og det kunne også snudd seg heilt, då mange meinte at eit skot frå Simen Bellen litt etter vart blokkert med hendene. Men kampen sett under eitt ikkje noko seie på at Giske vann og vart kretsmeistrar, sjølv om Vanylven kjempa som løver mot slutten og var nære på. 
27.10.19 16:43
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA


Fredag 14. februar
18.00 Spion i aksjon, Fiskå kino
18.00 Bingo, Meks, Syvde
20.00 Birds of Prey, Fiskå kino

Laurdag 15. februar
15.00 UKM, Olivinhallen
16.00 Syng med oss, Eidsåtun

Søndag 16. februar
18.00 Møte, Sion Åheim

Tirsdag 18. februar
12.15 Tysdagstreff, Hakallestranda bedehus

Fredag 24. april
19.00 Sagas, Operahuset, Nordfjordeid

Laurdag 25. april
18.00 Sagas, Førdehuset

Søndag 26. april
17.00 Sagas, Sogndal kulturhus

19. - 23. mai Åram Pluss

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER

Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

     

resized_frontpage_02.jpg





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget