logo_i_ver_og_vind.jpg

1.juni 2020: Mandagstur til Gjøna

gj_na.jpg

Flott tur på ytste søre Sunnmøre, med fantastisk utsikt! Det er meldt sol og varme så dette blir ein nydelig dag.

Sidan det er 2.pinsedag, startar vi turen kl. 11. Vi møtest i Gjerdsvika ved Tussabygget, like ved Gjerdsvika stadion. Køyretid frå Volda er om lag 50 min. Les smittevernreglane våre her.

14.juni 2020: Tur til dagsturhytta i Hornindal

dagsturhytta.jpg

Bli med barneturlaget på tur til den einaste dagsturhytta i Møre og Romsdal! Eit flott turmål,- flott hytte, flott sti og flott utsikt.

Les meir på fb-sida til barneturlaget, og hugs smittevernreglane om å halde avstand og at du skal vere frisk

Friluftsskule med Friluftsrådet!

friluftsskule.jpg

Er du mellom 11 og 13 år? Då kan du vere med på noko kjekt frå 29.juni til 3.juli, for då vert det friluftsskule på Skinstøylen ved Vassbotnen. Her får du vere med på ei rekke kjekke friluftslivsaktivitetar. Dette blir gøy! Lenke til informasjon og påmelding finn du her

11 turar på 11 veker

pokal.jpg

Friluftsforeninga utfordrar deg: Gå 11 av mandagsturane i vekene 18-28 og bli med i trekning av fine friluftspremier!

TURANE I VEKE 22 - TUROMTALE

2020_registrering_11turar11veker.pdf

StikkUT! 2020

stikk-ut_.jpg

StikkUT!-sesong er i gang! Den varer frå 1.mai til 31.oktober, og det er heile 22 turmål i Volda kommune i år. Les meir på sikkut.no. Alle skal ha fått kart i posten. 

Slik kan du registrere deg på turmåla

Årsmøte 2020

m_te_2.jpg

Årsmøtet er no i gang og varer frå 18.-28.mai ved hjelp av løysinga digitale årsmøterDet er ikkje lenger mulig å registrere medlemmar i denne løysinga, men saksdokumenta finn du som vedlegg under, og du kan sende stemmene dine på e-post seinast 27.mai

190618_ekstraordin_rt_rsm_te_ffv_arv_prot.docx
2019_rsmelding_friluftsforeninga_volda.pdf
vedtekter_ffv_registrering_justert_2019.docx
_rsm_te_friluftsforeninga_2020.pdf

Faktura for medlemskap er sendt ut

medlemskontingent.jpg

NB! Det har blitt ein feil i e-postadressa på fakturaene. Rett adresse: friluftsforeninga@gmail.com

Dersom du ikkje har vore medlem før, finn du informasjon her om korleis du kan melde deg inn

Turtavler

klepp-tverrberget-niven.jpg

Tavlene på Klepp, Håmyra, Bratteberg, Lisjesætra er komne opp! Du finn alle tavlene her. GOD TUR! Stor takk til Sparebank1 Søre Sunnmøre som har støtta tiltaket!

Medlemskap - slik kan du betale

medlemskontingent.jpg
Betal helst med Vipps eller via mobil-/nettbank. Enkelt for deg, enkelt for oss. Prisen er kr. 250 pr. år for familiemedlemskap.

Merking av turstiar i Volda

ring.jpg

Her finn du ei oversikt over merka stiar og her er dei nye turtavlene Vil du vere med og merke? Då kan du bli med i fb-gruppa Merking av turstiar i Volda eller du kan sende oss ein e-post.

Takk til sparebankane som støttar oss økonomisk i arbeidet!

180626_referat_fr_oppstartsm_te_stimerking.pdf
181119_m_te_i_frilufstforeninga_stimerking.pdf

Nærturkart over Volda

n_rturkart.jpg

Du får kjøpt det på Norli bokhandel og Intersport i Volda

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761