furene_nyare_logo.jpg

Furene kurs og kompetanse startar opp med Yogakurs tirsdag 30.oktober. 

BEDRIFTSYOGA

shutterstock_90655411.jpg

Bedriftsyoga er ei god bedriftsøkonomisk investering der tilsette og leiarar kan få eit avbrekk frå prestasjonar og tidspress. Yoga kan fremme betre fysisk og psykisk helse, auke energinivået, hjelpe mot spenningar og stress og ikkje minst vere ein positiv og annleis aktivitet som er med å motivere til eit betre arbeidsmiljø. 

Yoga skjerpar kropp og sinn og bidreg til at kvar enkelt får fram det beste i seg sjølv! Vi vil gjerne skreddarsy eit opplegg som passar di bedrift, men alternativ kan vere:

20 minutt kontoryoga
Ein oppkvikkar utanfor kontora eller i eit ope kontorlandskap. Ei effektiv og nydeleg lita yogaøkt som effektivt løyser opp stress og spenningar i rygg og nakke.

Yoga om morgenen, i lunsjen eller etter arbeid
30-45-60-75 minuttar yogatime i eit lokale i dykkar bedrift eller på Aktivitetshuset, Vikholmen. Vi har yogamatter og anna nødvendig utstyr.

Open time
Ein open time klokka 1500-1600 kvar torsdag. Her kan ein eller fleire frå ei verksemd praktisere yoga saman med andre yogainteresserte frå andre verksemder.

  • Påmelding til linn.urke.osnes@furene.no med namn på deltakarar og firma før torsdag klokka 1200.
  • Maks 20 deltakarar per time.
  • Kr. 130,- per person per gong.
  • Startar torsdag 10. januar 2013.

Teambuilding
Vi tilbyr pakkar som varierer frå ein til tre timar – med fokus på det dykk ynskjer som team. Vi er svært fleksible på tid og stad og tilrettelegg gjerne for Yoga i naturen!

Vi kan tilpasse yoga som passer for alle kroppar og sinn! Du treng verken vere mjuk eller grasiøs for å drive med Yoga, men du må ha eit ope sinn og spandere tid til deg sjølv.

Ta kontakt med Linn for eit tilbud - linn.urke.osnes@furene.no eller ring 473 86 097.

VI TILBYR

RolegYoga er ein time med fokus på pust, strekk og avspenning. Timen vil i hovudsak bestå av sittande og liggande øvingar, men kan og ha enkle ståande øvingar. Les meir

FlytYoga er ein fysisk og dynamisk Yogatime som vektlegg flyt i bevegelsane og flyt i sekvensane. Timen vi vere tilpassa ulike nivå med tilrettelagde alternativ. Les meir

BedriftsYoga er ei god bedriftsøkonomisk investering der tilsette og leiarar kan få eit avbrekk frå prestasjonar og tidspress. Yoga kan fremme betre fysisk og psykisk helse. Les meir

 

KONTAKT 
Furene Kurs og Kompetanse 
Furene Industriområde
6100 VOLDA

linn.urke.osnes@furene.no
+47 473 86 097

(c) 2012 Furene Kurs og Kompetanse Design og CSM: Fantastiske Osberget