furene_nyare_logo.jpg

Furene kurs og kompetanse startar opp med Yogakurs tirsdag 30.oktober. 

Yogalærar

linn.jpg

Linn Urke Osnes er fødd og oppvaksen i Ulsteinvik og har nyleg flytta heim og starta som fagansvarleg ved Furene kurs og kompetanse 1.september i haust.

Linn er utdanna dansar og pedagog og har lang erfaring med undervisning. Linn har praktisert ulike former for Yoga sidan 2002, men har dei siste åra praktisert dynamiske yogaformer jamnleg og er sertifisert yogalærar gjennom YogaWorks Los Angeles. Som yogalærar er Linn opptatt av å ivareta den enkelte ved å tilby ulike alternativ slik at alle kan praktisere yoga med den kroppen og det sinnet dei har. Som sertifisert lærar kan Linn undervise trygge timar og ivareta skadar og andre begrensingar.

Yogatimane er basert på YogaWorks-stil som kan beskrivast som ei blanding mellom Ashtanga og Ayengar yoga. Linn brukar rekvisittar som klossar, tepper og stropper for å tilpasse øvingane til kvar enkelt. Yoga skal vere godt for kropp og sinn!

VI TILBYR

RolegYoga er ein time med fokus på pust, strekk og avspenning. Timen vil i hovudsak bestå av sittande og liggande øvingar, men kan og ha enkle ståande øvingar. Les meir

FlytYoga er ein fysisk og dynamisk Yogatime som vektlegg flyt i bevegelsane og flyt i sekvensane. Timen vi vere tilpassa ulike nivå med tilrettelagde alternativ. Les meir

BedriftsYoga er ei god bedriftsøkonomisk investering der tilsette og leiarar kan få eit avbrekk frå prestasjonar og tidspress. Yoga kan fremme betre fysisk og psykisk helse. Les meir

 

KONTAKT 
Furene Kurs og Kompetanse 
Furene Industriområde
6100 VOLDA

linn.urke.osnes@furene.no
+47 473 86 097

(c) 2012 Furene Kurs og Kompetanse Design og CSM: Fantastiske Osberget